|
Turvegen - folkestien

(Last ned i utskivbar PDF)
Turvegen er tenkt som ein folkesti, som vert knytt opp mot ulike nærmiljøanlegg og opplevingspunkt i Seljord sentrum. Dette vil vera eit samanbindande fysisk element som knyter viktige møteplassar i sentrum saman. Ved å fylgje turvegen gjennom og rundt Seljord sentrum, skal folk få opplevingar, forståing og syn for Seljord sine kvalitetar og særdrag. Samstundes ynskjer prosjektet å ivareta ulike aldersgrupper og ulike aktivitetar gjennom dei tiltaka og stadane som er valde som møtestadar. Universell utforming vil vera eit viktig gjennomgåande trekk i utforminga.
 |
|
|  |