|
Video Fotogruppa på Medier og kommunikasjonslinja på Bø vgs avd. Seljord har laga en flott liten "sjøorm"-snutt for oss.
 |
|
Vatnet og sjøormen

(Last ned kart i utskrivbar PDF)
”Vatnet og Sjøormen” er eit delprosjekt i ”Seljord og sogene”. Dette er eit attraksjonsprosjekt som skal formidle historiane knytt til vatnet - både om Sjøormen, kulturhistoriske spor rundt vatnet og andre element og fenomen. Vi skal leggje tilrette for ei heilskapleg oppleving av natur, soger, historie og kunst.
Forteljingane om Sjøormen er tekne vare på gjennom muntleg tradisjon og er bare delvis nedskrevne. Det finst også nokre teikningar – og frå moderne tid fotografi og film. Men det er forteljingane, ikkje biletmaterialet, som har bore soga om Sjøormen.
Prosjektet har som målsetjing å ta vare på mystikken i Seljordsvatnet, skape gode landskapsopplevingar, leggje til rette for fine utsyn, gjera vitneforteljingane tilgjengelege og gje rom for at nye forteljingar kjem til.
Delprosjektet skal formidle historiar om Sjøormen og kulturhistoriske spor rundt vatnet: bronsealdregravrøysane langs Manheimstrondi, bergmåling på Bruredynni, kulturlandskapet i Brekkegrendi, kopling til Ballongfararsteinen og Lifjell, kopling til Seljordshei og Trollebotnen og Gagnås med sagnmateriale.
”Seljord og sogene” er bygd opp med ei rekkje opplevingspunkt, både langs turvegen i sentrum og langs vatnet. På dei ulike opplevingspunkta skal det utviklast skilt med sogekart og tekst som fortel soga. I tillegg vil det nokre stader vera aktuelt med lydopptak der soger/forteljingar er lese inn. Lydfiler skal kunne lastast ned til mobiltelefon og mp3-spelar. Integrert i kunstproduksjonar og utkikkspunkt rundt vatnet, er lydspor og digital kartfesting tenkt tatt i bruk for å formidle soga om sjøormen.
Lydfilene kan óg sendast på radiofrekvens og kan vera tilgjenglege for bilistar langs vegen. Her kan det vera lengre sendingar som går i kontinuerleg slynge. Det kan plasserast skilt ved innfartsårene som oppgjev radiofrekvens for ”Seljord og sogene”.
 |
|
|  |