verson 0.1 | 2009 | Seljord Kommune | Prosjekt 'Seljord og sogene' | .



Informasjon
forside > Informasjon
Prosjektomtale ute i verda (Internettartikkel)

Link

Les omtalen på designboom.com



Attraksjon og kunst for alle

Last ned prosjektbeskrivelsen: her (0,4 MB - PDF)

Last ned skisseboka: her (18 MB - PDF)

Bilde

Bilde

Bilde

 



Feira tilskot med sjampis og jordbær

VTB
Seljord og sogene fekk fullt gjennomslag i Kommunal- og regionaldepartementet.
Det blei feira med sjampanje og jordbær på utkikkspunktet Grindkleiv.

Les artikkelen frå VTB i PDF



Velkomen til Seljord

«Seljord og sogene» er eit heilskapleg stadutviklingsprosjekt der fysisk tilrettelegging saman med kunst, kultur og opplevingar er innhaldet i prosjektet. Målet med prosjektet er å ha ei offensiv halding i utviklinga av Seljord. Resultatet Telemarksforsking kom fram til i analysa «Kulturmagnet Seljord», syner at Seljord er eit godt handelssenter for Vest-Telemark og har hatt ei netto innflytting dei tre siste åra. Seljord vil markere seg som eit senter i regionen også i høve til kunst, kultur og opplevingar. «Kulturmagnet Seljord» peikar på at det viktigaste strategiske grepet Seljord kan ta er «attraktivitetsstrategien». Der det å arbeide med å opparbeide gode møteplassar og kunst og kultur er viktige tiltak.

Dette er bakteppet for ynskje om å utarbeide Bildeein heilskapleg utviklingsplan for Seljord under paraplyen; «Seljord og sogene». Prosjektet vert bygd opp som eit bygdeutviklingsprosjekt med bruk av kulturbasert næringsutvikling som verkemiddel. Prosjektet legg vekt på å utvikle ein modell for utvikling av bygdesamfunn. Modellen vil kunne overførast til andre kommunar.

Prosjektet tek utgangspunkt i det arbeidet som alt er gjort og lyfter det inn i eit heilskapleg bygdeutviklingsperspektiv. Forankring hjå næringsliv og kulturaktørar i Seljord er viktig.

Prosjektet skal ivareta utviklinga av Seljord som ein god plass å bu og å drive næring. Og ein god plass å vitje. Dette skal gjerast ved at fysisk tilrettelegging vert knytt opp mot utvikling av kulturprosjekt, der ein byggjer vidare på identitetsskapande møtestader i Seljord, kulturminne og soger. Både historiske, notids- og framtidssoger om og frå Seljord skal formidlast.

Tverrfaglig samarbeid og kreative prosessar er arbeidsmetode i «Seljord og sogene». Samspelet mellom kultursatsing og fysisk tilrettelegging av identitetsskapande stader i bygda er det sentrale. Kommunen sine avdelingar innafor plan, næring og kultur har eit særskilt samarbeid gjennom prosjektet «Seljord og sogene», der planlegging av dei fysiske rammene har spesielt fokus på å skape uformelle møteplassar som rammer om opplevingar knytt til kunst og kultur.
 

 Seljord & sogene:
  Attrasjon og kunst for alle:
 Last ned Seljord og Sogene Brosjyre 2010 Last  nedProsjektbeskrivelsen
Last ned Prosjektskildringa Last  NedSkisseboka
 Last ned Into the Landscape - Rapport  
Kulturmagneten: 
Last Ned Analysa  

 


Informasjonsavis om Seljord og sogene

For nedlasting:

PDFInformasjonsavis for Seljord og sogene (1,34 MB - PDF)

Nor-Rec 2009