verson 0.1 | 2009 | Seljord Kommune | Prosjekt 'Seljord og sogene' | .


Møteplass
ved Sentrum
Vitneobservasjon
ved Sentrum
ved Telnes
ved Sinnesodden

Video intervju
Kulturminne Utkikkspunkt Soge
Sjøormhistoriar:
Frå hytte i Styggelid
Klokka tolv mandag satt de to svigerinnene fru Bjerke fra Oslo og fru Amundsen fra Langesund, ute på verandaen på hytten de ferierer i på Styggelid ved Seljordsvannet. Da får de se et stort dyr dukke opp ute på vannet et stykke ut for Nes camping. De rakk å ta kikkerten og de fikk betrakte udyret nøye, det var blåsvart av farge, og var minst 10 meter langt. Men kall det ikke sjøorm, sier fru Bjerke. Jeg har vært veldig skeptisk når jeg har hørt snakk om denne sjøormen. Men at det er noe utenom det vanlige her i Seljordsvannet er det ingen tvil om. Hva det kan være vet jeg ikke. Dette er andre gangen på få dager vi har sett denne skapningen, som bukter seg av sted i stor fart. I dag så vi tre buktninger. Undres på om det kan være en kjempeål?
I båt ved Lauvnes, på austsida av vatnet
Bjarne Haugstøl, busett på Sinnesodden med fin utsikt over Seljordsvatnet, er mellom dei heldige som har sett ormen på tolegt nært hald. Det var i juli 1986 at han tok pråmen med påhengsmotor for å prøve fiskelykka med sluk. Men vel han hadde kome utpå fjorden vart det heilt stilt. Han sette då kursen mot Lauvnes, på austsida av vatnet. Då han nærma seg land kom det tri store buktingar tilsyne. Dei hadde god fart, ja, såg mest ut som om dei jaga ein fiskestim føre seg, føre dei med eit vart borte som dei hadde sokke til botnar. Bjarne var så overtydd om at det var ormen han hadde sett. Han reiste beine vegen til forretninga til Haugsvold og kjøpte seg eit godt fotografi-apparat. Og når det er sjøormver, varmt eller stille har han vore på utkikk etter ormen. Eit godt nærbilde er verd minst kr. femti tusen. Bjarne fortel og at han same sommaren hadde snakka med ein mann frå Skien. Han hadde då sagt at han hadde site ved ei stor bjørk på husmannsplassen Svarvaren nokre dagar kvar sommar i dei siste ni åra. Første året hadde han sett tre store buktningar uti fjorden. Nokre år etter såg han ein mindre orm, og deretter ein stor orm att. Då Bjarne snakka med han håpa han på eit nytt møte med det løyndomsfulle dyret utom Svarvarstrondi.
Ekkolodd ved Sanden Camping
Jan-Ove Sundberg og hans team, GUST, registrerte det dei omtalar som 'to store saker' på ekkolodd, like utanfor Sanden Camping.
I pråm ved Heggenes
Forteljing frå ca. 1910:
-For nokre år sidan rodde ein mann åleine om natti. Då han kom litt ovanom Heggenes, såg han bakom seg, og fekk då sjå om lag 10 meter frå pråmen, eit dyr på vatnet. Det var som ein lang tømmerstokk, og det var svart på leten. Notti var så ljos at han kunne ha lese. Han såg hals og hovud over vatnet. Det bøygde hovudet nedetter, og det såg ut av skapnad som ein fisk eller ål. Halsen stod i ein bøyg så han såg at dyret i nakken hadde ein kam eller mån, som likna måni på ein hest. Kroppen låg ellest under vatnet, men bakerst kom rova oppatt og den tyktest vera som ein spord som låg i ring, som i ei usse. Det låg stille, og han rodde omkring det, 8-9 meter ifrå, og det såg likeeins ut på alle sidur. Han drygde med å ro i ein halv time, for å sjå om det ville dukke, men det låg rolegt. Han var sveitt og det var svalt, så han måtte ro vidare. Denne mannen var den gamle kapteinen på Fjøllguten. Ein mann så ærleg og sannferdig som nokon annan eg kjenner.
Kjørte langs RV 36
1. juni 1998 køyrde Bernt Solvoll langs RV 36 då han såg bylgjer på andre sida av vatnet.
Frå Bjørgesanden
Me såg ei bylgje med stor fart som var i rørsle i retning Raudjuv.
Ved Blånuten
Borghild Telnes fortel: - Me kom køyrande på vegen langs vestsida av vatnet då me såg bylgjer ute på vatnet og noko mørkt i vass-skorpa.
Ved brygga på Nes
Forteljing frå ca. 1915:
-Ein gong hadde ungane på Solli på Manheimstrondi vore oppi Seljord. Dei hadde drege pråmen sin inn ved Neslandet, ved sida av båtbryggja. Då dei skulle heimatt, og dei hadde kome eit stykke utpå vatnet, vart dei var eit stort dyr som låg der. Dei rodde innatt til landet og sa det til Tor Nes. 'Dæ æ ingen ting å vera redd. Dæ æ bare ein havhest, og han hev vore her til alle tider', sa Tor. Så rodde ungane heimivi, men då var dyret dei hadde sett borte.
Frå Neslestaul
I åra kring 1930 hadde Borghild Glosimot dyra sine på Nøslestaul om sommaren. -Då såg eg sjøormen tre gonger, seier ho. -Han kom symjande med stor fart, det var så det bølgja kring han.
Ved Lauvnes
Forteljing frå ca. 1910:
-Elling Bjørge og Hølje Kleivi snakka au om havhesten, fortalde Steinar Fjøstuft. Dei arbeidde ved Lauvnes, ein gamal husmannsplass om lag 3 kilometer utanfor bygda. Med eitt høyrde dei slik plasking i vatnet nærare Raudås, og då dei såg etter, vart dei var eit stort dyr som låg og sola seg ved strandsetinane. Då dei skulle heimatt torde ikkje Elling vera med i pråmen oppatt til Bjørge, men Hølje rodde åleine. Dæ va bare ein havhest som låg der og han hev eg sett mange vendur, sa Hølje.
Kulturminne:
Hanakamjuvet
Fram til 1860-åra frakta dei malmen frå Gullnes på kløvhestar langs ein smal rideveg oppi dalsida på nordsida av Hanakamjuvet. I 1866 fekk dei endelig køyreveg på andre sida av elva. Det gjekk til atters med gruvedrifta, og vegen blei lite halden ved like. Han blei tatt i bruk av traktorar og tømmerbilar. Etter kvart tok dei fine, gamle steinmurane til å rase ut. Seljord Sogelag, Landstadinstituttet og Seljord Idrettslag slo seg saman med kommunen og søkte Riksantikvaren om stønad til istandsetjing. I august 1990 blei det arrangert kurs i tørrmuring her. Den praktiske oppgåva for kursdeltakarane var å setje i stand murane på gamlevegen ved Hanakamjuvet. Sogelaget fekk hjelp til å ta vare på eit viktig industri-fornminne i bygdi, og idrettslaget fekk emne for ei fin turløype. Vegvesenet stilte med kursleiar og var ein viktig medspelar for å få dette i stand.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009
Øverlandseiki
Eiketre er ikkje så vanlege i skogane våre, men på Ytre Øverland i Trollebotnen står eit stort og gamalt eksemplar. Målingar tyder på at eika kan vera 8-900 år gamal. Ho er hol og gjev plass til 8-10 personar og det må 5-6 vaksne til om ein skal famne den kraftige eikestamma. I tidlegare tider var det gjævt å ha sett Øverlandseiki.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009

Gravhaug, Dyrskuplassen 2
Del av større gravfelt. Ein av to synlege idag. Ligg like utanfor gjerdet som avgrensar plassen.

Spådomsnuten
Spåkvinna Sybylla har i tidlege tider spådd at Spådomsnuten skal dette ned i Flatsjø og føre til ei stor flodbylgje.
- Kjelde: Sigurd Telnes
Gravhaug, Nes 1

Gravrøys, bronsealder
Ved Skrabekk. Fleire gravrøysar øydelagt av hyttebygging
Hellekista på Kovadølen
På garden Kovadølen i Nordbygdi blei det under planeringsarbeid i 1980 funne ei hellekiste frå om lag år 400 e.Kr. Gravkammeret, som er bygt opp av steinheller, er etter måten stort, 2,70 m langt, 0,70 m breitt og 0,80 m høgt. I grava blei det gjort eit rikt funn som syner at ein mektig person er gravlagt her. På same garden har det stått ei gardskyrkje vigd til St. Laurentzius.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009

Gravrøys, bronsealder
Storrøysi på Digernes
Gravrøys, bronsealder
På Vesleøy
Mannslagarroet
Mannslagarroet er ein djup villmarksdal ved foten av Mannslagarnuten. Namnet skriv seg frå segner om at ein fredlaus har løynt seg i denne avdalen. Ei segn seier at Olav Garvik drap ein unggut som heitte Torgrim Svartdal i eit bryllaup på nabogarden Øverland i 1684. Olav rømde til Roet og helt seg løynd der i nokre år, men blei så teken, dømd og halshoggen ved Seljord kyrkje. Gunnar Sveinsson har skrive ei bok med denne segni som grunnlag. Ho heiter: Av Mannslagarætt.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009

Møteplass:
Kunstlåven - skulane
Seljord og ungdommen - Skuleområdet er ein viktig og svært synleg møteplass i sentrum. Dette er ei viktig ramme om aktivitet og leik for ungar og ungdom i Seljord. Som næraste nabo til skuleområdet ligg Kunstlåven, som er eigd av Seljord kunstforening. I mange år var Kunstforeninga sin aktivitet og alle utstillingar knytt til Seljord ungdomskule, både inne og ute. Idag er aktiviteten i Kunstforeninga fyrst og fremst knytt til Kunstlåven med ulike kreative aktivitetar, årvisse utstillingsomvisningar for alle skulane i bygdi, utgangspunkt for sogevandringar i sentrum og med hovudvekt på Sommarutstillinga i juli/august.
Dyrskuplassen
Seljord og Dyrsku'n. Seljord sin eldgamle og tradisjonsrike marknads- og samlingsplass. Kulturlandskapet og historiane er viktige spor etter tidlegare tider. Området har fleire gravhauger og her er gjort spennande funn av m.a. hellekiste og langhus. Gjennom prosjektet Seljord og sogene er det eit ynskje å få synleggjort og formidla forteljingane om det historiske landskapet med gravhaugane, tuna som er flytt hit frå Seljordhei, det karakteristiske, vakre Dyrskufjoset og dei gamle, store bjørkene.
Bjørgeøyan
Gardbrukarane på Nordigard Bjørge er i gang med å utvikle garden sin, med kjerneproduksjon knytt til telemarksfe, gardsturisme og kulturlandskap. Arbeidet med kulturlandskapet spenner frå formidling av mytiske landskap, med Grunningsdalen og Bjørgefjellet som nedslagsfelt, til istandsetjing av våtmarklandskap, kulturlandskap og turvegar ned mot Seljordsvatnet.
Tusenårsplassen
Seljord og middelalderlandskapet - kyrkja på Vallarhaugen. Området omrking Seljord kyrkje med Tremerrhaugen, Sterke-Nilssteinen, middelalderkyrkjegarden, Tusenårsstaden og Seljord prestegard er eit viktig kjerneområde for den delen av Seljord sin historie som er knytt opp mot tidleg busetjing, middelalderforteljingar (t.d. Draumkvedet) og folkevisene/segnstoffet som Landstad samla inn saman med Olea Crøger. Både Seljordspelet og Landstadsenteret er viktige aktørar knytt til staden. Kjeldene å ause av finst her i rikt monn og området bør utviklast inspirert av desse.
Granvin
Granvin er ein viktig motor i dagleg kulturliv i Seljord, dette inkluderar idretten. Granvin er ein aktiv møteplass for lag og foreningar, for skulen og for kulturskulen. Granvin er seljordingane si storstoge.
Eventyøy
Eventyrøy er Seljord sitt utandørs idrettsanlegg. Det ligg vakkert plassert mot vatnet. Den gamle fotballbanen ligg fint omgitt av furuskogen, medan trengingsbanane ligg ute på den opne grasflata mot vatnet. I vidareutvikling av Eventyrøy er det fyrst og fremst å styrke dette som ein møteplass knytt mot vatnet som har vore fokus. Det bør lagast gode løysingar for å gje tilgang til vatnet. Anlegget som heilskap og tiltak knytt mot vatnet er synlege for dei som køyrer forbi Seljord på hovedvegen.
Lomodd dokki
Naturleg formidlingspunkt for forteljingar om Seljord og bydgesegnene - livet på Brøløs før og nå. Lomoddokki er ein viktig møteplass med gangveg og sitjeplassar. Dette er det gamle sentrum (Brøles) sin sentrumspark. Låvebrua på Lomodden var i gamal tid Brøles sin «Musikk-paviljong», heitest det. Ein stad der folk samla seg og fekk oppleve spel og dans. Soga om Guro Lomodden er knytt til staden.
Nes
Nes er ein viktig plass knytt til Seljordsvatnet; her låg den gamle brygga som var hovudatkomsten til sentrum dersom du kom frå Bø eller grendene langs vatnet. Kunstprosjektet «Tuft» vart gjennomført her i regi av lokale kunstnarar i eit nordisk kunstprosjekt med 13 kunstnarar i 1990.

Seljordspelet arbeider med planar for eit Sjøormspel for familiar, der vatnet er scene og bakvegg. Oppsetning er planlagt i 2010.
Stoppestaden
Kva er det som får folk til å stoppe i Seljord? Stoppar tilfeldig forbipasserande av andre grunnar enn å fylle bensin og kjøpe «pylsur»? Dei som alt kjenner Seljord skal kanskje hit likevel. Dei veit om arrangement på Dyrskuplassen eller Sommarutstillinga eller kappleik på Granvin eller fotballkamp på Eventyrøy eller Seljordspel på Tusenårsstaden. Men dei som bare er på veg forbi. Korleis kan vi få dei til å stoppe?

Opprusting av Ingerid Slettensveg med tosidig natursteinsmurar, steinsett bekk og trerekker skal stå ferdig juni 2009.

Nor-Rec 2009