verson 0.1 | 2009 | Seljord Kommune | Prosjekt 'Seljord og sogene' | .


Møteplass
ved Sentrum
Vitneobservasjon
ved Sentrum
ved Telnes
ved Sinnesodden

Video intervju
Kulturminne Utkikkspunkt Soge
Sjøormhistoriar:
På stråndi nedafor Neshegni
Sigurd Telnes fortel:
-Syster av oldemor, Bergit Nesland gift med Olav Lisleåsheim, Ingebjørg Trondsdotter Nesland fødd 1862. Ho fortalde denne søgo mange gonger: 15 år gamal tende ho på Nes og Telnes. Ein solvarm og vindstill dag i slutten av juli hadde dei gjort unna høyingi tidleg på ettermiddagen på Telnes. Ingebjørg blei sendt til Nes på utearbeid der. Ho gjekk på tresko og tok beinvegen opp frå Neshegni om Kønnskør. Stien låg utpå brauta mot vatnet og Ingebjørg la merke til rare drøpleljodar som kom frå stråndi. Ho gjekk utpå bakkekanten og ville sjå, då fekk ho auga på eit stort, mørkt hovud med langt faks som vatnet drøpla or. Ho trudde først det var den svarte faksehesten dei hadde på Nes som kjølde seg i vatnet, men såg snart at det var ingen hest. Ho blei skræmd av synet og la på sprang så det glama i treskoa. Då livna dyret og gleid på det våte svaberget ned i djupet og blei borte. Etter at dyret hadde dukka, kom det byljer på det stille vatnet. Dei skvala innover svaberg og sandstrender så ho meinte dyret måtte vera stort.
Havhest med i tømmersoppa
Forteljing frå ca. 1920:
-Ein vår dei hadde tømmerfløytinga i Seljordsvatnet, då følgde ein havhest med i tømmersoppa ei lang strekning, fortalde dei.
Ormen hadde to buktningar ivi vatnet
I juli 1989 synte ormen seg tydeleg og greit for Grethe Skogheim og Synnøve Dyrud saman med borna Andres, Marthe og Espen. Ormen hadde to buktningar ivi vatnet. Seinar gjekk det krusningar i vatnet då han dukka. Dei såg han i om lag eit halvt minutt. Han var brun og beige, og på ryggen var det eit mønster, men det fekk dei ikkje heilt med seg.
Frå Neslestaul
I åra kring 1930 hadde Borghild Glosimot dyra sine på Nøslestaul om sommaren. -Då såg eg sjøormen tre gonger, seier ho. -Han kom symjande med stor fart, det var så det bølgja kring han.
I bil på Garvikstrondi
Såg to ryggar som symde mot Sanden camping.
Ved Lauvnes
Forteljing frå ca. 1910:
-Elling Bjørge og Hølje Kleivi snakka au om havhesten, fortalde Steinar Fjøstuft. Dei arbeidde ved Lauvnes, ein gamal husmannsplass om lag 3 kilometer utanfor bygda. Med eitt høyrde dei slik plasking i vatnet nærare Raudås, og då dei såg etter, vart dei var eit stort dyr som låg og sola seg ved strandsetinane. Då dei skulle heimatt torde ikkje Elling vera med i pråmen oppatt til Bjørge, men Hølje rodde åleine. Dæ va bare ein havhest som låg der og han hev eg sett mange vendur, sa Hølje.
I pråm ved Heggenes
Forteljing frå ca. 1910:
-Ein mann som nå er død, Olav Nøsthaug, rodde på Seljordsvatnet same året, og på om lag same staden som Hans Klokkarstogo hadde sett dyret. Olav rodde beint på dyret, så det nærpå hadde velta pråmen hans. Han fekk pråmen full av vatn, og han høyrde det svasla i vatn då han lea på seg. Det var bare såvidt han kom seg til lands inn i Heggeneset, og han låg der om notti. Han torde ikkje ro lenger. Det var mørkt så han såg ikkje dyret. Om morgonen såg han ingenting.
Hans Jørgen Ellingsen
14.08. 1998.
Hans Jørgen Ellingsen - tilgjengeleg radio-opptak NRK
Filma sjøormen
For fyrste gong har ormejegeren Jan-Ove Sundberg filma det han meiner er Seljordsormen.
Langelid
Måndagskveld 21. juni 1975 var Odd Sveinsson og broren Einar, 6 år gamal, utved Seljordsvatnet for å bade. Det var heilt stilt, men med eitt reiste det seg som ei bølgje noko utpå vatnet. Litt etter såg dei buktningar som glei under og kom oppatt nokre gonger.
Kulturminne:
Det tyske flyvraket ved Hestnutan
Under siste krig styrta to fly på Skorve. Dei tragiske hendingene gjekk for seg hausten 1944. Det eine var eit amerikansk fly som var ute med våpenslepp til den norske heimefronten. Det kolliderte med Skorvefjellet i Langfjøllhaddin rett nedom Gøysen. Det andre var eit tysk transportfly som rende mot Hestenuten lenger nord på Skorve. Mange menneske miste livet i desse ulykkene.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009
Koparvollen
Eit av dei gamle, vakre tuna på Brøles. På eigedomen har det tidlegare vore eksersplass og skule. Hovudbygning har vore både butikk og hotell. Stor gravhaug ligg i enden av hagen.
Selstadloftet; middelalderloft og gardskyrkje flytt hit 1912-1913 frå Selstad i Åmotsdal

Gravhaug, Dyrskuplassen 1
Del av større gravfelt. Ein av to synlege ved Dyrskuplassen idag. Mange funn, m.a. hellekiste og langhus. Dyrskuplassen er Seljord sin eldgamle samlingsplass, truleg heilt tilbake til år 0. Dyrskufjoset som står her idag er frå 1866.

Øverlandseiki
Eiketre er ikkje så vanlege i skogane våre, men på Ytre Øverland i Trollebotnen står eit stort og gamalt eksemplar. Målingar tyder på at eika kan vera 8-900 år gamal. Ho er hol og gjev plass til 8-10 personar og det må 5-6 vaksne til om ein skal famne den kraftige eikestamma. I tidlegare tider var det gjævt å ha sett Øverlandseiki.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009

Hanakamjuvet
Fram til 1860-åra frakta dei malmen frå Gullnes på kløvhestar langs ein smal rideveg oppi dalsida på nordsida av Hanakamjuvet. I 1866 fekk dei endelig køyreveg på andre sida av elva. Det gjekk til atters med gruvedrifta, og vegen blei lite halden ved like. Han blei tatt i bruk av traktorar og tømmerbilar. Etter kvart tok dei fine, gamle steinmurane til å rase ut. Seljord Sogelag, Landstadinstituttet og Seljord Idrettslag slo seg saman med kommunen og søkte Riksantikvaren om stønad til istandsetjing. I august 1990 blei det arrangert kurs i tørrmuring her. Den praktiske oppgåva for kursdeltakarane var å setje i stand murane på gamlevegen ved Hanakamjuvet. Sogelaget fekk hjelp til å ta vare på eit viktig industri-fornminne i bygdi, og idrettslaget fekk emne for ei fin turløype. Vegvesenet stilte med kursleiar og var ein viktig medspelar for å få dette i stand.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009
Gravrøys, bronsealder
Langrøys nedanfor Dalstykket
Fallos-steinen på Øvre Svinjom.
Steinen er 53 cm høg og er ein såkalla fallos som peikar attende til den eldgamle dyrking av guden for kjærleik og avkom. Steinen er truleg laga av mannehand. Den stend på eit berg før ein kjem opp til garden.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009
Londalsstaulen
Stort og interessant stauls- (gards)anlegg som ikkje er tidfesta.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009
Gravrøys, bronsealder
Ved Skrabekk. Fleire gravrøysar øydelagt av hyttebygging
Øvsttveiten.
Øvsttveiten er det øvste bruket på Seljordshei, ein gamal sjøvbergingsgard der same slekta har budd og drive i om lag 300 år. Garden har gamle, ærverdige hus, 8-10 i talet. Her finnest m.a. eit stampehus for lin og vadmål som vert drive av eit stort overvasshjul. Dette vasshjulet kan og drive ein taksponhøvel, tresjemaskin og tredreibenk. Seljord sogelag, og Landstadinstituttet, saman med eigaren, restaurerte stampehuset i 1992.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009

Møteplass:
Bjørgeøyan
Gardbrukarane på Nordigard Bjørge er i gang med å utvikle garden sin, med kjerneproduksjon knytt til telemarksfe, gardsturisme og kulturlandskap. Arbeidet med kulturlandskapet spenner frå formidling av mytiske landskap, med Grunningsdalen og Bjørgefjellet som nedslagsfelt, til istandsetjing av våtmarklandskap, kulturlandskap og turvegar ned mot Seljordsvatnet.
Dyrskuplassen
Seljord og Dyrsku'n. Seljord sin eldgamle og tradisjonsrike marknads- og samlingsplass. Kulturlandskapet og historiane er viktige spor etter tidlegare tider. Området har fleire gravhauger og her er gjort spennande funn av m.a. hellekiste og langhus. Gjennom prosjektet Seljord og sogene er det eit ynskje å få synleggjort og formidla forteljingane om det historiske landskapet med gravhaugane, tuna som er flytt hit frå Seljordhei, det karakteristiske, vakre Dyrskufjoset og dei gamle, store bjørkene.
Lomodd dokki
Naturleg formidlingspunkt for forteljingar om Seljord og bydgesegnene - livet på Brøløs før og nå. Lomoddokki er ein viktig møteplass med gangveg og sitjeplassar. Dette er det gamle sentrum (Brøles) sin sentrumspark. Låvebrua på Lomodden var i gamal tid Brøles sin «Musikk-paviljong», heitest det. Ein stad der folk samla seg og fekk oppleve spel og dans. Soga om Guro Lomodden er knytt til staden.
Kunstlåven - skulane
Seljord og ungdommen - Skuleområdet er ein viktig og svært synleg møteplass i sentrum. Dette er ei viktig ramme om aktivitet og leik for ungar og ungdom i Seljord. Som næraste nabo til skuleområdet ligg Kunstlåven, som er eigd av Seljord kunstforening. I mange år var Kunstforeninga sin aktivitet og alle utstillingar knytt til Seljord ungdomskule, både inne og ute. Idag er aktiviteten i Kunstforeninga fyrst og fremst knytt til Kunstlåven med ulike kreative aktivitetar, årvisse utstillingsomvisningar for alle skulane i bygdi, utgangspunkt for sogevandringar i sentrum og med hovudvekt på Sommarutstillinga i juli/august.
Eventyøy
Eventyrøy er Seljord sitt utandørs idrettsanlegg. Det ligg vakkert plassert mot vatnet. Den gamle fotballbanen ligg fint omgitt av furuskogen, medan trengingsbanane ligg ute på den opne grasflata mot vatnet. I vidareutvikling av Eventyrøy er det fyrst og fremst å styrke dette som ein møteplass knytt mot vatnet som har vore fokus. Det bør lagast gode løysingar for å gje tilgang til vatnet. Anlegget som heilskap og tiltak knytt mot vatnet er synlege for dei som køyrer forbi Seljord på hovedvegen.
Nes
Nes er ein viktig plass knytt til Seljordsvatnet; her låg den gamle brygga som var hovudatkomsten til sentrum dersom du kom frå Bø eller grendene langs vatnet. Kunstprosjektet «Tuft» vart gjennomført her i regi av lokale kunstnarar i eit nordisk kunstprosjekt med 13 kunstnarar i 1990.

Seljordspelet arbeider med planar for eit Sjøormspel for familiar, der vatnet er scene og bakvegg. Oppsetning er planlagt i 2010.
Granvin
Granvin er ein viktig motor i dagleg kulturliv i Seljord, dette inkluderar idretten. Granvin er ein aktiv møteplass for lag og foreningar, for skulen og for kulturskulen. Granvin er seljordingane si storstoge.
Tusenårsplassen
Seljord og middelalderlandskapet - kyrkja på Vallarhaugen. Området omrking Seljord kyrkje med Tremerrhaugen, Sterke-Nilssteinen, middelalderkyrkjegarden, Tusenårsstaden og Seljord prestegard er eit viktig kjerneområde for den delen av Seljord sin historie som er knytt opp mot tidleg busetjing, middelalderforteljingar (t.d. Draumkvedet) og folkevisene/segnstoffet som Landstad samla inn saman med Olea Crøger. Både Seljordspelet og Landstadsenteret er viktige aktørar knytt til staden. Kjeldene å ause av finst her i rikt monn og området bør utviklast inspirert av desse.
Stoppestaden
Kva er det som får folk til å stoppe i Seljord? Stoppar tilfeldig forbipasserande av andre grunnar enn å fylle bensin og kjøpe «pylsur»? Dei som alt kjenner Seljord skal kanskje hit likevel. Dei veit om arrangement på Dyrskuplassen eller Sommarutstillinga eller kappleik på Granvin eller fotballkamp på Eventyrøy eller Seljordspel på Tusenårsstaden. Men dei som bare er på veg forbi. Korleis kan vi få dei til å stoppe?

Opprusting av Ingerid Slettensveg med tosidig natursteinsmurar, steinsett bekk og trerekker skal stå ferdig juni 2009.

Nor-Rec 2009