verson 0.1 | 2009 | Seljord Kommune | Prosjekt 'Seljord og sogene' | .


Møteplass
ved Sentrum
Vitneobservasjon
ved Sentrum
ved Telnes
ved Sinnesodden

Video intervju
Kulturminne Utkikkspunkt Soge
Sjøormhistoriar:
I pråm ved Heggenes-uri
Forteljing frå siste halvdel av 1800-talet:I siste halvpart av 1800 budde det ei dame som heitte Guro på husmannsplassen Eiet på Manheimstrondi. Ho skaffa seg litt ekstra innkome ved å fiske til halvnings for bøndene kring vatnet og blei såleis van med å ferdast i båt. Det heitest at ho var både uredd og klok. Ein fin soldag på ettersommaren tok ho pråmen og ville ro til nærast granne, Heggeneset. Komen midt utom den bratte og ulendte Heggenesurdi dukka det opp eit stort, svart og skræmeleg hovud attom pråmen av Guro. Det hadde faks, augur som stirde under høge og knudrete augekvarar og andletet hadde store kulur og vorter. Guro blei så skræmd at ho torde ikkje ro lenger, med drog pråmen inn i den ulendte Heggenesurdi og kravla strondi fram til Heggeneset. Der fekk ho hjelp med pråmen og trøyst for redsla. Det var visst fleire som hadde sett rare dyr i vatnet.
Sinnesodden
Juli 1977.Tenåringane Kjetil Kvaale og Bent Sveinsson hadde site vakt på Sinnesodden og dei hadde sett dei same buktningane utpå vatnet som Geir og Jarle Venås såg frå andre sida, men dei meinte det var tre lykkjer over vatnet på same tid.
Midtfjords mellom Styggeli og Ringlandet
Halvor J. Sandsdalen skriv: -Ein annan granne, Knut Almankås, budde nokså nær vatnet opp mot Brøløs (sentrum i Seljord). Ein vårdag tok han pråmen for å ro frå Styggeli til Ringlandet for
å hente litt såkorn. Då han kom midtfjords, kjende han at pråmen glei opp på eitkvart; det minte han om ein stokk som med nauda flaut i vasskorpa. Knut hadde vore tømmerfløytar så han kjende vel til alle grunnane i vatnet, og han visste at midtfjords var der
koladjupt. Han stoppa pråmen og skota attende for å sjå kva det var han hadde rodd mot. Men det var
ingenting. Han trudde seinare det var sjøormen han hadde vore innpå med pråmen.

Heimafrå verandaen på Møsasida
Sommaren 1975 såg skogteknikar Olaf Slaaen, og kona hans Erna, vesenet som går under namnet sjøormen. Dei sat på verandaen då borna kom og fortalde at nå var det ein sjøorm uti vatnet. Huset til Slåen ligg eit stykke frå vatnet, men her er god utsikt. Då borna kom, henta Olaf Slåen fotografiapparatet og kikkerten og i denne såg båe tydeleg ein ting som minte om ein tømmerstokk som for ut etter fjorden. Plutseleg søkte han deg ned og vart borte. Slåen hadde då teke nokre bildete, men det var for lang avstand. Dei vart ikkje brukelege. -Dyret eg såg i kikkerten var eit vesen som likna ein tømmerstokk som bukta seg, seier Erna Slåen.
To karar med vasskikert
Sigurd Telnes fortel: -Som gutunge hugsar eg det rodde to karar i ein pråm med mangt rart utstyr. Dei hadde vasskikert blei det sagt. Dei var i land på Firingfjøro og der var det nokre vaksne som spurde: -Ser de noko i vasskikerten? -Ja, visste folk kva som finst i Seljordsvatnet kom ingen utpå med pråm, svara den eine.
Skiensmann
I 1980, 11. august er det ein Skiensmann som fortel til Varden at han, saman med ei rekke andre bilistar blei vitne til eit skodespel der ein skapning heldt det gåande i fleire minuttar eit par hundre meter frå land på vestsida av Seljordsvatnet. Vatnet spruta opp med jamne mellomrom i halvannan meters høgde, og skapningen for plutseleg i stor fart ca. 100 meter før han dukka under.
Sommaren 1975
Landpostbod Olav Juvskås, Seljord, f. 1918, fortel: -Det var ein sundag sommaren 1975 at eg gjekk ein tur på riksvegen langs austsida av Seljordsvatnet. Då eg kom til Rosbotåsen såg eg beint ned på vatnet under meg. Der blei eg vare eit dyr langt som ein tømmerstokk. Det låg på sida og bukta seg. Det var blåsvart og hadde luffar hell korte symjeføter som det slo dove med. Det såg ut for meg som at det sola seg. Det var så fint ver. Eg såg tydeleg hovudet på det straks føre det dukka, for då lyfte det halsen høgt over vatnet. Det hadde lite hovud i forhold til storleiken elles. -Eg er heilt sikker på at det var ein orm eller eit ormeliknande dyr, seier Juvskås. Han trafikkerar dagleg i bil langs Seljordsvatnet på vestsida, då postruta hans går heilt over til Kilen, men det er berre den eine gongen han har sett dette
mystiske vesenet som nå er kjendt langt utom landegrensene. Såleis har svensk radio hatt reportasjar om det.
Fire ryggar
Såg fire ryggar som sumde i to ulike retningar.
Ormen hadde to buktningar ivi vatnet
I juli 1989 synte ormen seg tydeleg og greit for Grethe Skogheim og Synnøve Dyrud saman med borna Andres, Marthe og Espen. Ormen hadde to buktningar ivi vatnet. Seinar gjekk det krusningar i vatnet då han dukka. Dei såg han i om lag eit halvt minutt. Han var brun og beige, og på ryggen var det eit mønster, men det fekk dei ikkje heilt med seg.
Hva skal vi egentlig tro?
Hva skal vi egentlig tro? 30. august 1983 har Varden ei melding om eit skeptisk ektepar frå Flatdal som såg ein 100 meter lang sjøorm. Spørsmålet kommer fra Agnes Haugan i Flatdal som sist søndag så noe i Seljordsvatnet som kunne være sjøorm - om noe slikt finnes. -Både mannen min Svein og jeg har alltid vært skeptiske til det som har vært sagt og skrevet om sjøormen i Seljordsvatnet, men etter det vi iakttok søndag ved 14-tiden, vet vi sannelig ikke hva vi skal tro. I ca. ti minutter sto vi ved veien og så noe som buktet seg ute i vannet - fire krumninger over vannflaten som om en stor orm eller slange lå der og svømte. Det blinket i de delene som var over vannflaten og vi så svake bølger rundt. Været var praktfullt og vannet helt stille søndag. Nei, dette er uforklarlig. Vi er i hvertfall sikre på at det var noe vi så - antagelig det samme som enkelte har iakttatt på vannet opp gjennom årene.
Kulturminne:
Gravrøys, bronsealder
På Vesleøy
Det amerikanske flyvraket på Skorve
Under siste krig styrta to fly på Skorve. Dei tragiske hendingene gjekk for seg hausten 1944. Det eine var eit amerikansk fly som var ute med våpenslepp til den norske heimefronten. Det kolliderte med Skorvefjellet i Langfjøllhaddin rett nedom Gøysen. Det andre var eit tysk transportfly som rende mot Hestenuten lenger nord på Skorve. Mange menneske miste livet i desse ulykkene.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009
Gullgråni.
Gullgråni står ved den gamle ferdselsvegen over Gjeldstadheii øvst i jordet på Kvålsgard. Det er eit særmerkt tre med gylte barnåler og hangande greiner. Botanikarar har visa interesse for treet. Det har og diktarane, Halvor J. Sandsdalen har skrive om Gullgråni både i dikt og prosa.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009

Blika gruver
I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift på gull og wismuth på gardane Blika, Barstad, Svartdal, Haugsvold og Svervelid i 1882. Dei fyrste som dreiv gruvene var ”Det franske gruvekompani” i Bamble. I 1897 vart det bygd smeltehytte på Blika. På det meste sysselsette gruva 80 mann. Gruva skifta eigar fleire gonger frå 1916 til ca. 1930. Det var lite aktivitet i ca. 30 år. Så vart drifta tatt opp att i 1932. I 1937-1938 var 17-18 mann sysselsette her. Gruva var i drift til krigsutbrotet i 1940. Det er køyreveg fram til gruva.
- Kjlede: Turkart for Seljord. Revidert 2009
Spådomsnuten
Spåkvinna Sybylla har i tidlege tider spådd at Spådomsnuten skal dette ned i Flatsjø og føre til ei stor flodbylgje.
- Kjelde: Sigurd Telnes
Hellekista på Kovadølen
På garden Kovadølen i Nordbygdi blei det under planeringsarbeid i 1980 funne ei hellekiste frå om lag år 400 e.Kr. Gravkammeret, som er bygt opp av steinheller, er etter måten stort, 2,70 m langt, 0,70 m breitt og 0,80 m høgt. I grava blei det gjort eit rikt funn som syner at ein mektig person er gravlagt her. På same garden har det stått ei gardskyrkje vigd til St. Laurentzius.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009

Londalsstaulen
Stort og interessant stauls- (gards)anlegg som ikkje er tidfesta.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009
Vallarhaugen
Gravhaugar. Kyrkjestad.
På Tremerrhaugen stod tremerri som vart nytta i militær avstraffing.
Kyrkja er ei av Olavskyrkjene frå 1100-talet. Det har stått to kyrkjer på Vallarhaugen. Den andre skal etter tradisjonen ha vore vigd til bygdehelgenen Tarald. Landstadmonumentet, Sterke-Nils steinen og Tusenårsstaden er delar av sogemiljøet ved Vallarhaugen
Gravrøys, bronsealder
Ved Skrabekk. Fleire gravrøysar øydelagt av hyttebygging
Sagnkyrkje på Garvik
Sagnkyrkja på Garvik. Etter tradisjonen skal det ha legje ei gardskyrkje på flata nedafor gardstuna på Garvik.
Møteplass:
Stoppestaden
Kva er det som får folk til å stoppe i Seljord? Stoppar tilfeldig forbipasserande av andre grunnar enn å fylle bensin og kjøpe «pylsur»? Dei som alt kjenner Seljord skal kanskje hit likevel. Dei veit om arrangement på Dyrskuplassen eller Sommarutstillinga eller kappleik på Granvin eller fotballkamp på Eventyrøy eller Seljordspel på Tusenårsstaden. Men dei som bare er på veg forbi. Korleis kan vi få dei til å stoppe?

Opprusting av Ingerid Slettensveg med tosidig natursteinsmurar, steinsett bekk og trerekker skal stå ferdig juni 2009.
Granvin
Granvin er ein viktig motor i dagleg kulturliv i Seljord, dette inkluderar idretten. Granvin er ein aktiv møteplass for lag og foreningar, for skulen og for kulturskulen. Granvin er seljordingane si storstoge.
Nes
Nes er ein viktig plass knytt til Seljordsvatnet; her låg den gamle brygga som var hovudatkomsten til sentrum dersom du kom frå Bø eller grendene langs vatnet. Kunstprosjektet «Tuft» vart gjennomført her i regi av lokale kunstnarar i eit nordisk kunstprosjekt med 13 kunstnarar i 1990.

Seljordspelet arbeider med planar for eit Sjøormspel for familiar, der vatnet er scene og bakvegg. Oppsetning er planlagt i 2010.
Eventyøy
Eventyrøy er Seljord sitt utandørs idrettsanlegg. Det ligg vakkert plassert mot vatnet. Den gamle fotballbanen ligg fint omgitt av furuskogen, medan trengingsbanane ligg ute på den opne grasflata mot vatnet. I vidareutvikling av Eventyrøy er det fyrst og fremst å styrke dette som ein møteplass knytt mot vatnet som har vore fokus. Det bør lagast gode løysingar for å gje tilgang til vatnet. Anlegget som heilskap og tiltak knytt mot vatnet er synlege for dei som køyrer forbi Seljord på hovedvegen.
Bjørgeøyan
Gardbrukarane på Nordigard Bjørge er i gang med å utvikle garden sin, med kjerneproduksjon knytt til telemarksfe, gardsturisme og kulturlandskap. Arbeidet med kulturlandskapet spenner frå formidling av mytiske landskap, med Grunningsdalen og Bjørgefjellet som nedslagsfelt, til istandsetjing av våtmarklandskap, kulturlandskap og turvegar ned mot Seljordsvatnet.
Dyrskuplassen
Seljord og Dyrsku'n. Seljord sin eldgamle og tradisjonsrike marknads- og samlingsplass. Kulturlandskapet og historiane er viktige spor etter tidlegare tider. Området har fleire gravhauger og her er gjort spennande funn av m.a. hellekiste og langhus. Gjennom prosjektet Seljord og sogene er det eit ynskje å få synleggjort og formidla forteljingane om det historiske landskapet med gravhaugane, tuna som er flytt hit frå Seljordhei, det karakteristiske, vakre Dyrskufjoset og dei gamle, store bjørkene.
Kunstlåven - skulane
Seljord og ungdommen - Skuleområdet er ein viktig og svært synleg møteplass i sentrum. Dette er ei viktig ramme om aktivitet og leik for ungar og ungdom i Seljord. Som næraste nabo til skuleområdet ligg Kunstlåven, som er eigd av Seljord kunstforening. I mange år var Kunstforeninga sin aktivitet og alle utstillingar knytt til Seljord ungdomskule, både inne og ute. Idag er aktiviteten i Kunstforeninga fyrst og fremst knytt til Kunstlåven med ulike kreative aktivitetar, årvisse utstillingsomvisningar for alle skulane i bygdi, utgangspunkt for sogevandringar i sentrum og med hovudvekt på Sommarutstillinga i juli/august.
Tusenårsplassen
Seljord og middelalderlandskapet - kyrkja på Vallarhaugen. Området omrking Seljord kyrkje med Tremerrhaugen, Sterke-Nilssteinen, middelalderkyrkjegarden, Tusenårsstaden og Seljord prestegard er eit viktig kjerneområde for den delen av Seljord sin historie som er knytt opp mot tidleg busetjing, middelalderforteljingar (t.d. Draumkvedet) og folkevisene/segnstoffet som Landstad samla inn saman med Olea Crøger. Både Seljordspelet og Landstadsenteret er viktige aktørar knytt til staden. Kjeldene å ause av finst her i rikt monn og området bør utviklast inspirert av desse.
Lomodd dokki
Naturleg formidlingspunkt for forteljingar om Seljord og bydgesegnene - livet på Brøløs før og nå. Lomoddokki er ein viktig møteplass med gangveg og sitjeplassar. Dette er det gamle sentrum (Brøles) sin sentrumspark. Låvebrua på Lomodden var i gamal tid Brøles sin «Musikk-paviljong», heitest det. Ein stad der folk samla seg og fekk oppleve spel og dans. Soga om Guro Lomodden er knytt til staden.

Nor-Rec 2009