verson 0.1 | 2009 | Seljord Kommune | Prosjekt 'Seljord og sogene' | .


Møteplass
ved Sentrum
Vitneobservasjon
ved Sentrum
ved Telnes
ved Sinnesodden

Video intervju
Kulturminne Utkikkspunkt Soge
Sjøormhistoriar:
Sommaren 1975
Landpostbod Olav Juvskås, Seljord, f. 1918, fortel: -Det var ein sundag sommaren 1975 at eg gjekk ein tur på riksvegen langs austsida av Seljordsvatnet. Då eg kom til Rosbotåsen såg eg beint ned på vatnet under meg. Der blei eg vare eit dyr langt som ein tømmerstokk. Det låg på sida og bukta seg. Det var blåsvart og hadde luffar hell korte symjeføter som det slo dove med. Det såg ut for meg som at det sola seg. Det var så fint ver. Eg såg tydeleg hovudet på det straks føre det dukka, for då lyfte det halsen høgt over vatnet. Det hadde lite hovud i forhold til storleiken elles. -Eg er heilt sikker på at det var ein orm eller eit ormeliknande dyr, seier Juvskås. Han trafikkerar dagleg i bil langs Seljordsvatnet på vestsida, då postruta hans går heilt over til Kilen, men det er berre den eine gongen han har sett dette
mystiske vesenet som nå er kjendt langt utom landegrensene. Såleis har svensk radio hatt reportasjar om det.
På stråndi nedafor Neshegni
Sigurd Telnes fortel:
-Syster av oldemor, Bergit Nesland gift med Olav Lisleåsheim, Ingebjørg Trondsdotter Nesland fødd 1862. Ho fortalde denne søgo mange gonger: 15 år gamal tende ho på Nes og Telnes. Ein solvarm og vindstill dag i slutten av juli hadde dei gjort unna høyingi tidleg på ettermiddagen på Telnes. Ingebjørg blei sendt til Nes på utearbeid der. Ho gjekk på tresko og tok beinvegen opp frå Neshegni om Kønnskør. Stien låg utpå brauta mot vatnet og Ingebjørg la merke til rare drøpleljodar som kom frå stråndi. Ho gjekk utpå bakkekanten og ville sjå, då fekk ho auga på eit stort, mørkt hovud med langt faks som vatnet drøpla or. Ho trudde først det var den svarte faksehesten dei hadde på Nes som kjølde seg i vatnet, men såg snart at det var ingen hest. Ho blei skræmd av synet og la på sprang så det glama i treskoa. Då livna dyret og gleid på det våte svaberget ned i djupet og blei borte. Etter at dyret hadde dukka, kom det byljer på det stille vatnet. Dei skvala innover svaberg og sandstrender så ho meinte dyret måtte vera stort.
Dreiv med tømmerfløting utanfor Strand-øygarden
Forteljing frå 1911:
-Året etter (Olav Nøsthaug) var det to tømmerfløytarar, Torjus Kåsi og Tor Hauge. Dei heldt seg på utsida av Strand-øygarden og arbeidde med tømmeret. Fjøllguten hadde nettopp vore ved bryggja og gjekk oppover. Då såg karane eit dyr i vatnet som sumde etter båten. Det var omlag langt som ein tømmerstokk, og det var svart. Men så velte det seg på ryggen, og då såg dei at det var kvitt på undersida, og det hadde på kvar side stutte føter. Eit lite bel etter dukka det ned i vatnet og vart borte.
Dykking ved Sinnesodden, 1976
Arne Thomassen gjekk nå ut frå Jutulbrygga, ein steinrygg som går omlag 100 meter ut i fjorden. Det er ei grunne der det er fint å setje fiskegarn, serleg om hausten når fisken er på vandring mot Vallaråi og Bygdaråi for å
gåtte (gyte). Segni seie at det var ein jutul som ville bygge veg tvert over vatnet her, men ein dag han kom med ei stor steinhelle var han uheldig og stega utfor vegen og dermed drukna han. Jutulbrygga er godt synleg i vatnet eit godt stykke utover, og mange fiskarar som har rodd med sluk har mist han
i steinhellene på Jutulbrygga. Arne Thomassen fann ut at her var brådjupt på båe sider. Han hadde med ei loddesnor på 120 meter utan at den tok botnen. Thomassen undersøkte ei lengre strekning i eit djup frå 5 til 30 meter, og
ved Brureskjær fann han ein merkeleg svingut stig på botnet langsmed land. Her var kampesteinen feia til sides, medan den finare sanden låg att.
- Kjelde: HJS si bok. Korrigert etter Arne Thomassen sine kommentarar.
To menn i båt ved Ulvenes
Forteljing frå ca. 1910:
-Halvor Lauvstad fortel at han og Halvor Brauti heldt seg på Ulvenes. Ein kveld reiste dei på vatnet for å fiske, og dei vart då vare, om lag 100 meter frå land eit hovud om lag ein fot over vatnet. Det var ikkje fullt så stort som eit hornlaust kuhovud, og det var brunsvart på let. Karane hadde kleine årir og klein båt, og dyret kom så fort mot dei at det stod bårur etter det. Og karane vart ikkje så lite fælne. Under vasskorpa og fram kring pråmen kom ein stor sikestim, så vatnet var kvitt. Det såg ut som om dyret dreiv fisken fyre seg. Men om litt dukka det og vart borte. Klokka var 10 om kvelden, men klårt og ljost.
Noko kom fossande oppved Sinnesodden
Forteljing frå 1918:
-Ein dag skulle Bergit Dalstykket følgje med motorbåten Kvikk ut til Ulvenes. Dalstykket ligg slik til at ein ser oppetter fjorden mot bygda, når ein står i tunet. Far til Bergit heitte Tor. Han stod den dagen ute og kikka etter motorbåten, og då han såg noko som kom fossande oppved Sinnesodden, ropa han til Bergit at ho måtte skunde seg, for no såg han Kvikk kom. Men litt etter visa det seg at det var ein havhest Tor hadde sett, for han dukka under. Når Tor snakka om det seinare, sa han: Dæ va havhesten eg såg.
Walter Berg på sykkeltur langs Seljordsvatnet
I Aftenposten for 19. august 1976 fann vi dette innlegget: -Jeg har i den senere tid sett et par artikler angående Sjøormen i Seljordsvannet og fikk lyst til å fortelle at jeg også har sett denne sjøormen. Det var i 1963. Jeg hadde vært på sykkeltur over hardengervidda, reiste over Haugastøl, så om Odda, opp Røldalsbakkene over Haukeli videre gjennom Telemark. En sen kveld, såvidt jeg husker var det i august måned, kom jeg langs Seljordsvannet. Jeg var trett og sliten efter å ha syklet mange mil den dagen og hadde nærmest tenkt å legge meg ute under åpen himmel, da jeg fikk øye på en liten falleferdig bu akkurat i enden av vannet, mot Bøsiden. Jeg hvilte meg litt der og sto tidlig opp og gikk ut en tur for å se på været, da jeg fikk se det store dyret nede i vannet. Det lå på tvers av vannet med hodet mot veien. (Jeg kunne ikke se hele hodet, hele dyret lå akkurat i vannflaten, men jeg så jo tydelig bølgedannelse over dyrets rygg.) Jeg vil anslå lengden til ca. 10 meter. Det var i det hele tatt et ufyselig syn. Jeg syntes at jeg måtte fortelle dette. Jeg tror ikke jeg har fortalt det til noen før.
Ved Bukti på Manheimstråndi
9. juli 1983 klokka 13 køyrde sivilagronom Halvor Øygarden frå Vinje saman med kona Wenche og døtrene Margrete og Lise i bil på austsida av Seljordsvatnet. Ved Bukti, der vegen svingar nær vatnet, som var heilt stilt, kom det brått opp som eit stort svart dyr i ein vassprut som var så kraftig at bølgjene sto inn mot strondi. Dei såg og som ein rygg som gjekk ned i vatnet. Det var kring 30 m frå bilen. Sjølve dyret såg dei ikkje så vel på grunn av plasket i vatnet, men det var så stort at det minde om ein elefant, på ein måte, i det korte glimtet det var i vasskorpa, seier Øygarden. Han er overtydd om at det er ei øgle eller stor orm i vatnet, og han er interessert i å få skipe ei gruppe som på vitskapleg hald prøvar å løyse gåta som er løynt i djupet i Seljordsvatnet. Han er og inne på tanken om at det kan vera grottur eller djupe hellerar der dyret eller ormen overvintrar om det pustar med hjellar.
Frå Neslestaul
I åra kring 1930 hadde Borghild Glosimot dyra sine på Nøslestaul om sommaren. -Då såg eg sjøormen tre gonger, seier ho. -Han kom symjande med stor fart, det var så det bølgja kring han.
Hodet ved Sinnesodden
8. august 2000 køyrde Erik Knatterud bil langs RV 36. 300 meter ute på vatnet såg han noko merkeleg.
Kulturminne:
Gravrøys, bronsealder
Ved Skrabekk. Fleire gravrøysar øydelagt av hyttebygging
Koparvollen
Eit av dei gamle, vakre tuna på Brøles. På eigedomen har det tidlegare vore eksersplass og skule. Hovudbygning har vore både butikk og hotell. Stor gravhaug ligg i enden av hagen.
Selstadloftet; middelalderloft og gardskyrkje flytt hit 1912-1913 frå Selstad i Åmotsdal

Det amerikanske flyvraket på Skorve
Under siste krig styrta to fly på Skorve. Dei tragiske hendingene gjekk for seg hausten 1944. Det eine var eit amerikansk fly som var ute med våpenslepp til den norske heimefronten. Det kolliderte med Skorvefjellet i Langfjøllhaddin rett nedom Gøysen. Det andre var eit tysk transportfly som rende mot Hestenuten lenger nord på Skorve. Mange menneske miste livet i desse ulykkene.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009
Gravrøys, bronsealder
Langrøys nedanfor Dalstykket
Gravrøys, bronsealder
På Vesleøy
Gravrøys, bronsealder
Ved Eiet og Storøy
Gravhaug, Dyrskuplassen 1
Del av større gravfelt. Ein av to synlege ved Dyrskuplassen idag. Mange funn, m.a. hellekiste og langhus. Dyrskuplassen er Seljord sin eldgamle samlingsplass, truleg heilt tilbake til år 0. Dyrskufjoset som står her idag er frå 1866.

Sagnkyrkje på Garvik
Sagnkyrkja på Garvik. Etter tradisjonen skal det ha legje ei gardskyrkje på flata nedafor gardstuna på Garvik.
Blika gruver
I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift på gull og wismuth på gardane Blika, Barstad, Svartdal, Haugsvold og Svervelid i 1882. Dei fyrste som dreiv gruvene var ”Det franske gruvekompani” i Bamble. I 1897 vart det bygd smeltehytte på Blika. På det meste sysselsette gruva 80 mann. Gruva skifta eigar fleire gonger frå 1916 til ca. 1930. Det var lite aktivitet i ca. 30 år. Så vart drifta tatt opp att i 1932. I 1937-1938 var 17-18 mann sysselsette her. Gruva var i drift til krigsutbrotet i 1940. Det er køyreveg fram til gruva.
- Kjlede: Turkart for Seljord. Revidert 2009
Gravrøys, bronsealder
Ekornodden
Møteplass:
Nes
Nes er ein viktig plass knytt til Seljordsvatnet; her låg den gamle brygga som var hovudatkomsten til sentrum dersom du kom frå Bø eller grendene langs vatnet. Kunstprosjektet «Tuft» vart gjennomført her i regi av lokale kunstnarar i eit nordisk kunstprosjekt med 13 kunstnarar i 1990.

Seljordspelet arbeider med planar for eit Sjøormspel for familiar, der vatnet er scene og bakvegg. Oppsetning er planlagt i 2010.
Eventyøy
Eventyrøy er Seljord sitt utandørs idrettsanlegg. Det ligg vakkert plassert mot vatnet. Den gamle fotballbanen ligg fint omgitt av furuskogen, medan trengingsbanane ligg ute på den opne grasflata mot vatnet. I vidareutvikling av Eventyrøy er det fyrst og fremst å styrke dette som ein møteplass knytt mot vatnet som har vore fokus. Det bør lagast gode løysingar for å gje tilgang til vatnet. Anlegget som heilskap og tiltak knytt mot vatnet er synlege for dei som køyrer forbi Seljord på hovedvegen.
Bjørgeøyan
Gardbrukarane på Nordigard Bjørge er i gang med å utvikle garden sin, med kjerneproduksjon knytt til telemarksfe, gardsturisme og kulturlandskap. Arbeidet med kulturlandskapet spenner frå formidling av mytiske landskap, med Grunningsdalen og Bjørgefjellet som nedslagsfelt, til istandsetjing av våtmarklandskap, kulturlandskap og turvegar ned mot Seljordsvatnet.
Granvin
Granvin er ein viktig motor i dagleg kulturliv i Seljord, dette inkluderar idretten. Granvin er ein aktiv møteplass for lag og foreningar, for skulen og for kulturskulen. Granvin er seljordingane si storstoge.
Lomodd dokki
Naturleg formidlingspunkt for forteljingar om Seljord og bydgesegnene - livet på Brøløs før og nå. Lomoddokki er ein viktig møteplass med gangveg og sitjeplassar. Dette er det gamle sentrum (Brøles) sin sentrumspark. Låvebrua på Lomodden var i gamal tid Brøles sin «Musikk-paviljong», heitest det. Ein stad der folk samla seg og fekk oppleve spel og dans. Soga om Guro Lomodden er knytt til staden.
Tusenårsplassen
Seljord og middelalderlandskapet - kyrkja på Vallarhaugen. Området omrking Seljord kyrkje med Tremerrhaugen, Sterke-Nilssteinen, middelalderkyrkjegarden, Tusenårsstaden og Seljord prestegard er eit viktig kjerneområde for den delen av Seljord sin historie som er knytt opp mot tidleg busetjing, middelalderforteljingar (t.d. Draumkvedet) og folkevisene/segnstoffet som Landstad samla inn saman med Olea Crøger. Både Seljordspelet og Landstadsenteret er viktige aktørar knytt til staden. Kjeldene å ause av finst her i rikt monn og området bør utviklast inspirert av desse.
Dyrskuplassen
Seljord og Dyrsku'n. Seljord sin eldgamle og tradisjonsrike marknads- og samlingsplass. Kulturlandskapet og historiane er viktige spor etter tidlegare tider. Området har fleire gravhauger og her er gjort spennande funn av m.a. hellekiste og langhus. Gjennom prosjektet Seljord og sogene er det eit ynskje å få synleggjort og formidla forteljingane om det historiske landskapet med gravhaugane, tuna som er flytt hit frå Seljordhei, det karakteristiske, vakre Dyrskufjoset og dei gamle, store bjørkene.
Kunstlåven - skulane
Seljord og ungdommen - Skuleområdet er ein viktig og svært synleg møteplass i sentrum. Dette er ei viktig ramme om aktivitet og leik for ungar og ungdom i Seljord. Som næraste nabo til skuleområdet ligg Kunstlåven, som er eigd av Seljord kunstforening. I mange år var Kunstforeninga sin aktivitet og alle utstillingar knytt til Seljord ungdomskule, både inne og ute. Idag er aktiviteten i Kunstforeninga fyrst og fremst knytt til Kunstlåven med ulike kreative aktivitetar, årvisse utstillingsomvisningar for alle skulane i bygdi, utgangspunkt for sogevandringar i sentrum og med hovudvekt på Sommarutstillinga i juli/august.
Stoppestaden
Kva er det som får folk til å stoppe i Seljord? Stoppar tilfeldig forbipasserande av andre grunnar enn å fylle bensin og kjøpe «pylsur»? Dei som alt kjenner Seljord skal kanskje hit likevel. Dei veit om arrangement på Dyrskuplassen eller Sommarutstillinga eller kappleik på Granvin eller fotballkamp på Eventyrøy eller Seljordspel på Tusenårsstaden. Men dei som bare er på veg forbi. Korleis kan vi få dei til å stoppe?

Opprusting av Ingerid Slettensveg med tosidig natursteinsmurar, steinsett bekk og trerekker skal stå ferdig juni 2009.

Nor-Rec 2009