verson 0.1 | 2009 | Seljord Kommune | Prosjekt 'Seljord og sogene' | .


Møteplass
ved Sentrum
Vitneobservasjon
ved Sentrum
ved Telnes
ved Sinnesodden

Video intervju
Kulturminne Utkikkspunkt Soge Kunst
Sjøormhistoriar:
Frå Bjørgesanden
Me såg ei bylgje med stor fart som var i rørsle i retning Raudjuv.
Ved Høljarurda på Manheimstrondi
Forteljing frå ca. 1720
-Daa han var heime paa Klomset, skulde han eingong fara ut til Otterholtmoen paa eksis. Han gjekk Manheimstronda, for den tid var det kje veg paa hi sida. I Høljarurda heldt seg ein hesjeleg stor orm som ofte stengde vegen naar folk fór der, og ingen torde freiste paa aa slaa han. Daa Tomas kom til Høljardurda, rann ormen like mot han, bles og fræste gjorde han og slo lykkjur so høge at Tomas godt kunde gjenge under dei. Tomas hadde stellt seg til med ein stor og sterk stav; med den gjekk han mot ormen, og etter eit langt basketak blei ormen drepen. Daa Tomas kom til Otterholt, blei kapteinen vond for han kom for seint. Tomas fortalde daa koss alt hadde gjenge. Kapteinen kunde mest ikkje tru det og sende nokre folk avstad for aa sjaa. Dei fann den daude ormen og brende han upp, og sidan saag det i lang tid ut der liksom paa ein kolbotn. - Men Tomas slapp for straff daa folka kom attende og fortalde dette.
03.06.1977.
Kari og Selmer Olsen frå Ulefoss, saman med Olav Åsen og Hjørdis Gravalid frå Seljord fekk i går, tysdag, ei nifs oppleving. Då såg dei ormen i Seljordsvatnet på tolleg nært hald. Det var eit uhyggeleg syn, seier dei til Varden. Alle nemner ei lengd på tretti til femti meter, og at han var tjukk som ein tømmerstokk. Dei fire hadde reist ut til vatnet ved 16-tida for å halde utkikk etter ormen, då han med eitt steig opp med ei vass-stråle ved Sinnesodden. Han hadde to lykkjer over vassflata. Dei la merke til ormen frå bilglaset, og Olav Åsen, som hadde førsteklasses kikkert fekk ormen på kloss hald gjennom linsa. Ormen var taggut og skjoldut, og var oppe i omlag eitt minutt før han dukka så bylgjene foss rundt han. -Ingen skal få meg i ein pråm på Seljordsvatnet meir,seier Åsen. Han er sjølv sjåfør ved Vest-Telemark Meieri.
23. August 1982 ved Sinnesodden
In August 1982 Arne Thomassen visited the lake together with his old mother Alice. When driving the katamaran slowly in the middle of the fjord, he and his mother
saw something on the other side of the lake that they interpreted as a
possible serpent. Althogh the distance to the thing in the water was up to 1km, Arne was confident he would get something on film since he was using a
400 mm telephoto lens. "What we saw was a powerful upsurge, cascades of water that to me must have come from a living creature", says Arne Thomassen. "I was very disappointed when the film was developed, because the
only thing I could see was a wake from something, possibly moving along right under the surface".
- Source Jan Ove Sundberg: Telephone-interview with Arne Thomassen, September 1999.
På stråndi nedafor Neshegni
Sigurd Telnes fortel:
-Syster av oldemor, Bergit Nesland gift med Olav Lisleåsheim, Ingebjørg Trondsdotter Nesland fødd 1862. Ho fortalde denne søgo mange gonger: 15 år gamal tende ho på Nes og Telnes. Ein solvarm og vindstill dag i slutten av juli hadde dei gjort unna høyingi tidleg på ettermiddagen på Telnes. Ingebjørg blei sendt til Nes på utearbeid der. Ho gjekk på tresko og tok beinvegen opp frå Neshegni om Kønnskør. Stien låg utpå brauta mot vatnet og Ingebjørg la merke til rare drøpleljodar som kom frå stråndi. Ho gjekk utpå bakkekanten og ville sjå, då fekk ho auga på eit stort, mørkt hovud med langt faks som vatnet drøpla or. Ho trudde først det var den svarte faksehesten dei hadde på Nes som kjølde seg i vatnet, men såg snart at det var ingen hest. Ho blei skræmd av synet og la på sprang så det glama i treskoa. Då livna dyret og gleid på det våte svaberget ned i djupet og blei borte. Etter at dyret hadde dukka, kom det byljer på det stille vatnet. Dei skvala innover svaberg og sandstrender så ho meinte dyret måtte vera stort.
Sanden Camping
Ståle Ellingsen var ute på vatnet i båt, og like utanfor Sanden Camping såg han noko som kunne minne om ein tømmarstokk i vatnet.
Heimafrå tunet på Bøen
På same tid sat Johannes Langelid, ein mann i 70-åra, i ein stol heime i tunet på Bøen og såg utover vatnet. Han såg då ei merkeleg bølgje i lengd som ein tømmerstokk, fortalde han. Bølgja stilna, men kom att to tre gonger medan ho liksom flytte seg bortetter vatnet. På spørsmål om det var sjøormen svara Johannes Langelid at det har han ingen meining om, men noko merkeleg var det.
Sinnesodden
Alf og Gjertrud Tveit såg noko ute på fjorden heimafrå stogeglaset på Sinnesodden.
Frå Bjørgeøyan
Sundberg.16.08.1998.
Frå vegen på vestsida av vatnet
Tannlege Tore Langeland kom til Seljord sommaren 1975 for å ta til med tannlegepraksis. Da han hadde vore i bygda i to dagar køyrde han på vestsida av vatnet i lag med tre born for å finne ein høveleg badeplass. Med eitt fekk han auga på 4-5 store buktningar midt ute på vatnet. Borna såg det óg. Han stoppa bilen midt i vegen for å få vaksne vitne om nokon kom køyrande, men det kom ingen. Vesenet han såg hadde stor fart, det var så skumsprøyten stod om det, likevel såg han tydeleg kor buktningane vrei seg på seg. Det var kolossalt. Han meiner det var 30-50 meter langt. Han såg ormen i ein minutt, så sokk han rett ned og blei borte. Han seier at det første han tenkte etterpå var at eg kjem ikkje til å ro over dette vatnet i ein vanleg båt, så overtydd var han om at det var eit levande vesen han hadde sett.
Kulturminne:
Årstaul
Årstaul ligg høgt oppi lia på austsida av Grunningsdalen, om lag 700 m frå vegen. Segni seier at dette har vore lensmannsgard, og ein møter denne utsegna i soga om Guro Heddeli. I førre hundreåret vart det drive staulsdrift på staden. Det gjeng gangsti frå vegen forbi den tidlegare nemnte Handklauvsteinen.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009

Gravrøys, bronsealder
Langrøys nedanfor Dalstykket
Gravrøys, Skrikarodden
Rundrøys som dekkjer det meste av odden, består av lav- og mosebevaksen brotstein.
Tjæremile
Rund tjæremile av sand og stein, delvis markert med ein halvsirkelforma mur.
Bruredynnan
Bergmåleri på dei bratte fjellveggane som går rett i vatnet ved Rondebergsåsane, uti enden av Seljordsvatnet. På desse glatte fjellveggane finst restar av hellemåling som kan vera 6-7000 år gamle. I folketradisjonen heiter det at eit brurefylgje som kom i båtar frå Seljord kyrkje blei tekne av ein virvelvind og blei borte ved Bruredynnan. Det heiter vidare at bergmålinga framstiller tre menn som dansar, og ein flokk med reinsdyr. Teikningane er svært utvaska av ver og vind.
Ein må ut i båt på Seljordsvatnet skal ein sjå desse ristningane.
- Kjelde: Sigurd Telnes
Øverlandseiki
Eiketre er ikkje så vanlege i skogane våre, men på Ytre Øverland i Trollebotnen står eit stort og gamalt eksemplar. Målingar tyder på at eika kan vera 8-900 år gamal. Ho er hol og gjev plass til 8-10 personar og det må 5-6 vaksne til om ein skal famne den kraftige eikestamma. I tidlegare tider var det gjævt å ha sett Øverlandseiki.
- Kjelde: Turkart for Seljord. Revidert 2009

Gravrøys, bronsealder
Ved Eiet og Storøy
Ballongfararsteinen
Ballongferda i 1870:
Ballongfararsteinen er reist p� Lifjell til minne om to franskmenn som kom i ballong fr� det beleira Paris heilt opp til Lifjell i november 1870. Ei dramatisk, lang og kald ferd fr� ein krigstruga by, som enda p� Lifjell ovanfor Strondegardane. Br�rne Harald og Klas Strand fann dei franske ballongfararane medan dei dreiv med t�mmerk�yring, morgonen etter dei hadde dotte ned. Hendinga blei kjent over heile landet og franskmennene blei feira som heltar under ferda fr� Seljord til Kristiania. Gunnar Sveinsson har laga eit lokalhistorisk spel med ballongferda som tema og Einar �stvedt har skrive boka 'Den f�rste luftferd over Norge'.
Gravhaug; Bastuhaugen, Kristofferhaugen
Rundhaug av sand og stein, klart markert og tydeleg i terrenget.
Gravhaug, Dyrskuplassen 1
Del av større gravfelt. Ein av to synlege ved Dyrskuplassen idag. Mange funn, m.a. hellekiste og langhus. Dyrskuplassen er Seljord sin eldgamle samlingsplass, truleg heilt tilbake til år 0. Dyrskufjoset som står her idag er frå 1866.

Møteplass:
Nes
Nes er ein viktig plass knytt til Seljordsvatnet; her låg den gamle brygga som var hovudatkomsten til sentrum dersom du kom frå Bø eller grendene langs vatnet. Kunstprosjektet «Tuft» vart gjennomført her i regi av lokale kunstnarar i eit nordisk kunstprosjekt med 13 kunstnarar i 1990.

Seljordspelet arbeider med planar for eit Sjøormspel for familiar, der vatnet er scene og bakvegg. Oppsetning er planlagt i 2010.
Stoppestaden
Kva er det som får folk til å stoppe i Seljord? Stoppar tilfeldig forbipasserande av andre grunnar enn å fylle bensin og kjøpe «pylsur»? Dei som alt kjenner Seljord skal kanskje hit likevel. Dei veit om arrangement på Dyrskuplassen eller Sommarutstillinga eller kappleik på Granvin eller fotballkamp på Eventyrøy eller Seljordspel på Tusenårsstaden. Men dei som bare er på veg forbi. Korleis kan vi få dei til å stoppe?

Opprusting av Ingerid Slettensveg med tosidig natursteinsmurar, steinsett bekk og trerekker skal stå ferdig juni 2009.
Bjørgeøyan
Gardbrukarane på Nordigard Bjørge er i gang med å utvikle garden sin, med kjerneproduksjon knytt til telemarksfe, gardsturisme og kulturlandskap. Arbeidet med kulturlandskapet spenner frå formidling av mytiske landskap, med Grunningsdalen og Bjørgefjellet som nedslagsfelt, til istandsetjing av våtmarklandskap, kulturlandskap og turvegar ned mot Seljordsvatnet.
Eventyøy
Eventyrøy er Seljord sitt utandørs idrettsanlegg. Det ligg vakkert plassert mot vatnet. Den gamle fotballbanen ligg fint omgitt av furuskogen, medan trengingsbanane ligg ute på den opne grasflata mot vatnet. I vidareutvikling av Eventyrøy er det fyrst og fremst å styrke dette som ein møteplass knytt mot vatnet som har vore fokus. Det bør lagast gode løysingar for å gje tilgang til vatnet. Anlegget som heilskap og tiltak knytt mot vatnet er synlege for dei som køyrer forbi Seljord på hovedvegen.
Granvin
Granvin er ein viktig motor i dagleg kulturliv i Seljord, dette inkluderar idretten. Granvin er ein aktiv møteplass for lag og foreningar, for skulen og for kulturskulen. Granvin er seljordingane si storstoge.
Dyrskuplassen
Seljord og Dyrsku'n. Seljord sin eldgamle og tradisjonsrike marknads- og samlingsplass. Kulturlandskapet og historiane er viktige spor etter tidlegare tider. Området har fleire gravhauger og her er gjort spennande funn av m.a. hellekiste og langhus. Gjennom prosjektet Seljord og sogene er det eit ynskje å få synleggjort og formidla forteljingane om det historiske landskapet med gravhaugane, tuna som er flytt hit frå Seljordhei, det karakteristiske, vakre Dyrskufjoset og dei gamle, store bjørkene.
Kunstlåven - skulane
Seljord og ungdommen - Skuleområdet er ein viktig og svært synleg møteplass i sentrum. Dette er ei viktig ramme om aktivitet og leik for ungar og ungdom i Seljord. Som næraste nabo til skuleområdet ligg Kunstlåven, som er eigd av Seljord kunstforening. I mange år var Kunstforeninga sin aktivitet og alle utstillingar knytt til Seljord ungdomskule, både inne og ute. Idag er aktiviteten i Kunstforeninga fyrst og fremst knytt til Kunstlåven med ulike kreative aktivitetar, årvisse utstillingsomvisningar for alle skulane i bygdi, utgangspunkt for sogevandringar i sentrum og med hovudvekt på Sommarutstillinga i juli/august.
Tusenårsplassen
Seljord og middelalderlandskapet - kyrkja på Vallarhaugen. Området omrking Seljord kyrkje med Tremerrhaugen, Sterke-Nilssteinen, middelalderkyrkjegarden, Tusenårsstaden og Seljord prestegard er eit viktig kjerneområde for den delen av Seljord sin historie som er knytt opp mot tidleg busetjing, middelalderforteljingar (t.d. Draumkvedet) og folkevisene/segnstoffet som Landstad samla inn saman med Olea Crøger. Både Seljordspelet og Landstadsenteret er viktige aktørar knytt til staden. Kjeldene å ause av finst her i rikt monn og området bør utviklast inspirert av desse.
Lomodd dokki
Naturleg formidlingspunkt for forteljingar om Seljord og bydgesegnene - livet på Brøløs før og nå. Lomoddokki er ein viktig møteplass med gangveg og sitjeplassar. Dette er det gamle sentrum (Brøles) sin sentrumspark. Låvebrua på Lomodden var i gamal tid Brøles sin «Musikk-paviljong», heitest det. Ein stad der folk samla seg og fekk oppleve spel og dans. Soga om Guro Lomodden er knytt til staden.

Nor-Rec 2009