verson 0.1 | 2009 | Seljord Kommune | Prosjekt 'Seljord og sogene' | .



Sjøormtårnet vinterstengd
bildeI dag vart Sjøormtårnet vinterstengd av omsyn til tryggleiken til dei besøkande. Kulde, sno, regn og kanskje is på tråppetrinn er ikkje noko god kombinasjon i eit 17 meter høgt luftig tårn.

Me gler oss over at det har vore mykje besøk til kunstinstallasjonen Sjøormtårnet; det har blitt ein svært populær attraksjon.

Sjøormtårnet vert opna så fort som mogleg igjen til våren, når været tilet det. Seljord kommune vil markere våropninga, og annonsere dette.
 
Ynskjer alle ei god riktig god førjulstid, og håpar at dykk alle hjelper oss med å spreie bodskapet. (bilete er tatt av Sjur Reutz)

Velkomen til Sjøormtårnet på Bjørgeøyan
- Telemarks nye landemerke
Bilde

Sjøormtårnet opna den 18. oktober 2011

Bilde
Statsråd Liv Signe Navarsete, Fylkesordførar, Telemark utviklingsfond, Ordføraren i Seljord, Lugar-Olav,
Telemark Messingkvintett og NiLiv var der.

Om Utkikkstårnet i pressa:
NRK Østafjels - Kommunen bygger tremillioners-tårn http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.7797924

VTB - Spydspissen i spleiselaget http://www.vtb.no/artikkel/5336/Spydspissen%20i%20spleiselaget/

(Klikk på "meir-knappen" for å sjå bilde under opninga)



Morgonkåseri frå Seljord på P2

Måndag 31.oktober og tysdag 1. november kl 07.25.
Måndag er det om sjøormen og tysdag er det om Skåne Bringsås og Landstad.
Kåseria kan høyrast i tre veker etterpå på denne linken:

http://nettradio.nrk.no/default.php?kanal=p2

(Skriv Morgenkåseriet i søkjefeltet og vel dato)



Ta ei kunstpause i Seljord – besøk dei skulpturelle kikkeskåpa i Sogelandskapet

Bilde
Foto: Audni Barstad

Åtte skulpturelle ”kikkeskåp” i stein er no plassert ute i landskapet på stader som er knytt til utvalde soger om lokale kvinneskikkelsar. Felles for dei alle er at feleslåttar er knytt til sogene. Åtte biletkunstnarar har gjeve sine tolkingar av desse sogene: Gonil Dale, Guro Lomodden, Kivlemøyane, Guro Heddeli, Tårån i tròppin, Glima i Rupedalar, Ljose-Signe i Bindingsnuten og Skuldalsbruri.
 
Du finn 1 kikkeskåp i Åmotsdal, 3 i Flatdal og 4 i Seljord.

Sogemobilen
På kvart av kikkeskåpa er det festa ein plakett som fortel namnet på soga og kunstnaren. Her står det også oppført eit mobilnummer. Ringer du dette nummeret får du høyre ein forenkla versjon av soga og slåtten som er knytt til denne. Gjennom kikkeskåpa får du på den måten ei reise inn i landskapet og soga.

Last ned: Visit Norway sin app



Opplev Seljord sine kvalitetar og særdrag ved å kome deg ut på tur!
BildeLangs delar av turvegen og på utvalde stader rundt vatnet kan du nå oppleve Seljord sine kvalitetar og særdrag på nye og spennande måtar.

Kva med å starte på Dyrskuplassen og lese om plassens historie, gå vidare om Shell/Sjøormkroa der ringer du Sogemobilen og høyrer Ingunn Flatland synge så vakkert ”Ingrid Sletten av Sillejord”.

Når du då fyrst er i nærleiken av Seljordsvatnet, anbefalar me deg å gå turvegen ned mot vatnet (turvegen går mellom Gjest`n kro og pub og campingplassen Seljord ferieland) Der er det bare så nydeleg!
 
Eller kva med å gå til Lomodden i Seljord sentrum og sjå på historiske bilete, beundre kikkeskåpet som Trygve Barstad har utsmykka, eller rett og slett; bare sitte å slappe av på Seljordsbenken å nyte livet!
 
Rundt Seljordsvatnet kan du oppleve flotte kunst- og landskapsopplevingar blant anna ved Telnessanden Camping, Vebekkdalen og Sanden Camping.
 
Ynskjer du meir informasjon:
Besøk Møtestad Seljord AS;

Last ned: Turveghefte i PDF


Nytt:

Soger:
Kivlemøyane
Segna om Kivlemøyane har blitt knytt til Nystaulsteinen der Kivlekyrkja skal ha stått, til mose og fargar i bratte fjellveggen ovanom grenda og til to store og ein mindre stein som har vore synlege i Kalvejuvet rett nedom Såvestaul. Desse steinane er skipla av ras i dei seinare år.
Hølje Gonge (f.1819 - d.1889)
Hølje Gonge budde på plassen Gonge på Seljordshei. Han var lam og levde llivet sitt bunden til kubbestolen. Likevel var han kunnskapsrik og handig, heldt aviser og var den i lokalmiljøet folk kom til for å spørje nytt frå verdi omkring. Han vann pris for god treskjering på verdsutstillinga i London i 18.. Gongestogo står idag på Dyrskuplassen. Her vert soga om Hølje formidla kvart år gjennom forteljingar om livet hans og huset vert nytta til utstillingar av handverktradisjonar
Vallarhaugen
Sigurd Telnes i samtale med kyrkjeverge Jon Svartdal.
Ståle Åsheim
Segni om Ståle Åsheim som vart lyst fredlaus og held seg gøymd i loftet på garden Åsheim.
Sjøormhistoriar:
Sinnesodden
Harald Sandsdalen, f. 1908, fotel: -Dæ va i september høsten 1964 at eg og Olaf Pedersen og Torgrim Bjørge reiste for å fiske på makkedrag utpå Sinnesodden. Det var ein mørk kveld så me rekna med at det skulle vera lageleg fiskever. Beit gjorde det au så me fekk kvar sitt bra knippe med aure. Utpå natti skulle me koke kaffe, og då det var kaldt gjorde me opp eit stort bål nede ved strandsteinane. Med eitt hoppa Torgrim opp og ropa: -Hot æ dæ fe noko som kjem der? Han peika ut i vatnet, der varmen lyste i ei brei stripe. Der kom dæ eit stort dyr imot kon. Skallen lyfte det ein halv meter ivi vatnet. Me spratt opp alle tri. Torgrim treiv fiskestongi fe å ha noko å slå med, og Olaf Pedersen treiv ein kampestein og kasta mot dyret. Då snudde det retning og glei inn i mørkret. Då me sette kon innmæ varmen att sa Torgrim: -Ikkje fortel dæ me hev sett te nokon, fe dei kjem bare te å ha kon te spetakkel. Eg hev sett dette dyret før au eg, men eg hev tagt still mæ dæ.
På veg heim frå Dyrsku´n
September 1989: -Var det sjøormen - eller kva var det? Spør Siljanmannen Svein Bergland, etter opplevinga ved Seljordsvatnet sist sundag. Noko var det utpå fjorden, er det næraste Bergland er komen til av løysing. Det var då han og kona Karen Marie var på veg heim frå Dyrsku´n at det merkelege synte seg. Kona køyrde bilen, så Bergland hadde godt høve til å kike utover vassflata. Klokka var ti minuttar over fem, og ekteparet var då omlag midtvegs langs vatnet då Bergland fekk augo på eit slags kjølvatn midt utpå. Det var som etter eit stort føremål i god fart like under vasskorpa. Kvervlane og straumdraget sto tydeleg fram på den elles blenk-stille vassflata. Bergland er eigentleg frå Dalen, og vant med det liv og ståk som kan gå føre seg i ein stor innsjø, til dømes store aure-ruggar. Men aldri har han sett det same i Bandak som det han såg i Seljordsvatnet. Kona såg så grant det same. - Eg tenkte på ein stor fiskestim, men fekk det ikkje til å stemme heller, seier han til Varden. Hvis det bylgjekøyret vart gjort av noko levande vesen må det ha vore ofseleg stort. -Det måtte da vera sjølve gamal-ormen, Bergland? -Tja, kva skal ein tru? Ikkje veit eg, seier han.
Frå Bjørgesanden
Me såg ei bylgje med stor fart som var i rørsle i retning Raudjuv.
Hodet ved Sinnesodden
8. august 2000 køyrde Erik Knatterud bil langs RV 36. 300 meter ute på vatnet såg han noko merkeleg.



Nor-Rec 2009