verson 0.1 | 2009 | Seljord Kommune | Prosjekt 'Seljord og sogene' | .



Vatnet & Sjøormen
VI KARTLEGG ALLE OBSERVASJONAR KNYTT TIL SJØORMEN

Gjennom prosjektet ”Vatnet og sjøormen” ynskjer Seljord kommune å registrere og kvalitetssikre alle observasjonar som kan ha med fenomenet Sjøormen å gjera. Vi ynskjer å samle desse i eit register og kople dei opp mot eit interaktivt  kart over Seljordsvatnet. Dette vil gje oss som er interesserte i Sjøormen og forteljingane omkring denne, ei flott oversikt over kvar og når slike observasjonar er gjort.
Ein del forteljingar er alt lagt ut på vår database, og nye forteljingar vil bli lagt til etterkvart som dei vert kjende.

Klikk på ”Interaktivt kart” til høgre og du kan finne mange forteljingar. Alle forteljingane frå Halvor J. Sandsdalen si bok om Seljordsormen ligg ute.

 

NY FORTELJING – KUNSTTRYKK TIL ALLE SOM HAR EI FORTELJING
Vi ynskjer at alle de som ikkje har fortalt om merkelege ting de har sett, vil fortelje dette nå, slik at registeret blir mest mogeleg komplett.


Som takk vil alle som har registrert ein observasjon eller ein kontakt med Sjøormen i Seljordsvatnet få eit flott kunsttrykk, der det vert stadfest at de kjenner sjøormen og har fortalt om opplevinga dykkar.   



Dersom du ikkje er registrert med namn i media, bøker eller liknande i samband med observasjonen, kan du vera anonym så lenge du vil. Kommunen vil registrere forteljinga di på namnet ditt med ein id. Vi treng heller ikkje lage blest om akkurat din observasjon/ kontakt, dersom du ikkje ynskjer det.



Vi vil be om at du skriv ned hendinga slik du opplevde det og svarar på spørsmåla i skjemaet (følg linken under).  Passar ikkje det, kan vi evt. møte deg og skrive ned forteljinga di. 
 
Gjennom m.a. NRK og private opptak har vi ein del vitneobservasjonar som lydopptak, men vi ynskjer fleire og gjerne på engelsk og /eller tysk.
 
Har du spørsmål, kan du vende deg til sjoorm@seljord.kommune.no eller ta direkte kontakt med
Asbjørn Storrusten,  tlf 917 96 785,  e-post asbjorn@kharma.no, Vekanvegen 3, 3840 Seljord
Kultursjef Asle Bø eller Plan- og næringssjef Harriet Slaaen tlf 350 65 100.

Eg har sett sjøormen og vil gjerne registrere observasjonen




Nor-Rec 2009