verson 0.1 | 2009 | Seljord Kommune | Prosjekt 'Seljord og sogene' | .



Sjøormtårnet vinterstengd
bildeI dag vart Sjøormtårnet vinterstengd av omsyn til tryggleiken til dei besøkande. Kulde, sno, regn og kanskje is på tråppetrinn er ikkje noko god kombinasjon i eit 17 meter høgt luftig tårn.

Me gler oss over at det har vore mykje besøk til kunstinstallasjonen Sjøormtårnet; det har blitt ein svært populær attraksjon.

Sjøormtårnet vert opna så fort som mogleg igjen til våren, når været tilet det. Seljord kommune vil markere våropninga, og annonsere dette.
 
Ynskjer alle ei god riktig god førjulstid, og håpar at dykk alle hjelper oss med å spreie bodskapet. (bilete er tatt av Sjur Reutz)

Velkomen til Sjøormtårnet på Bjørgeøyan
- Telemarks nye landemerke
Bilde

Sjøormtårnet opna den 18. oktober 2011

Bilde
Statsråd Liv Signe Navarsete, Fylkesordførar, Telemark utviklingsfond, Ordføraren i Seljord, Lugar-Olav,
Telemark Messingkvintett og NiLiv var der.

Om Utkikkstårnet i pressa:
NRK Østafjels - Kommunen bygger tremillioners-tårn http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.7797924

VTB - Spydspissen i spleiselaget http://www.vtb.no/artikkel/5336/Spydspissen%20i%20spleiselaget/

(Klikk på "meir-knappen" for å sjå bilde under opninga)



Morgonkåseri frå Seljord på P2

Måndag 31.oktober og tysdag 1. november kl 07.25.
Måndag er det om sjøormen og tysdag er det om Skåne Bringsås og Landstad.
Kåseria kan høyrast i tre veker etterpå på denne linken:

http://nettradio.nrk.no/default.php?kanal=p2

(Skriv Morgenkåseriet i søkjefeltet og vel dato)



Ta ei kunstpause i Seljord – besøk dei skulpturelle kikkeskåpa i Sogelandskapet

Bilde
Foto: Audni Barstad

Åtte skulpturelle ”kikkeskåp” i stein er no plassert ute i landskapet på stader som er knytt til utvalde soger om lokale kvinneskikkelsar. Felles for dei alle er at feleslåttar er knytt til sogene. Åtte biletkunstnarar har gjeve sine tolkingar av desse sogene: Gonil Dale, Guro Lomodden, Kivlemøyane, Guro Heddeli, Tårån i tròppin, Glima i Rupedalar, Ljose-Signe i Bindingsnuten og Skuldalsbruri.
 
Du finn 1 kikkeskåp i Åmotsdal, 3 i Flatdal og 4 i Seljord.

Sogemobilen
På kvart av kikkeskåpa er det festa ein plakett som fortel namnet på soga og kunstnaren. Her står det også oppført eit mobilnummer. Ringer du dette nummeret får du høyre ein forenkla versjon av soga og slåtten som er knytt til denne. Gjennom kikkeskåpa får du på den måten ei reise inn i landskapet og soga.

Last ned: Visit Norway sin app



Opplev Seljord sine kvalitetar og særdrag ved å kome deg ut på tur!
BildeLangs delar av turvegen og på utvalde stader rundt vatnet kan du nå oppleve Seljord sine kvalitetar og særdrag på nye og spennande måtar.

Kva med å starte på Dyrskuplassen og lese om plassens historie, gå vidare om Shell/Sjøormkroa der ringer du Sogemobilen og høyrer Ingunn Flatland synge så vakkert ”Ingrid Sletten av Sillejord”.

Når du då fyrst er i nærleiken av Seljordsvatnet, anbefalar me deg å gå turvegen ned mot vatnet (turvegen går mellom Gjest`n kro og pub og campingplassen Seljord ferieland) Der er det bare så nydeleg!
 
Eller kva med å gå til Lomodden i Seljord sentrum og sjå på historiske bilete, beundre kikkeskåpet som Trygve Barstad har utsmykka, eller rett og slett; bare sitte å slappe av på Seljordsbenken å nyte livet!
 
Rundt Seljordsvatnet kan du oppleve flotte kunst- og landskapsopplevingar blant anna ved Telnessanden Camping, Vebekkdalen og Sanden Camping.
 
Ynskjer du meir informasjon:
Besøk Møtestad Seljord AS;

Last ned: Turveghefte i PDF


Nytt:

Soger:
Hølje Gonge (f.1819 - d.1889)
Hølje Gonge budde på plassen Gonge på Seljordshei. Han var lam og levde llivet sitt bunden til kubbestolen. Likevel var han kunnskapsrik og handig, heldt aviser og var den i lokalmiljøet folk kom til for å spørje nytt frå verdi omkring. Han vann pris for god treskjering på verdsutstillinga i London i 18.. Gongestogo står idag på Dyrskuplassen. Her vert soga om Hølje formidla kvart år gjennom forteljingar om livet hans og huset vert nytta til utstillingar av handverktradisjonar
Segni om Gonil Dale
Gagnås er fjellpartiet mellom Trollebotnen og Seljordsvatnet. Tradisjonen vil ha det til at det ligg ein tussegard inni dette fjellet. Det er opningar i fjellveggen frå Garviksida og ved Gjeldstad. Syster av Hølje Dale i Trollebotnen, Gonill, blei kvervd inn i fjellet til tussegarden og vart verande der alle sine dagar. Hølje vitja henne ein gong, og denne hendinga har Hølje Gonge skrive eit dikt om i år 1860. I nyare tid har Halvor J. Sandsdalen skrive eit dikt om Gonill Dale som fekk lov å stige ut på Gagnås kvar joleftan og huge utover Trollebotnen. Diktet heiter; ”Etter eit menneske”. Mattis Haugerud har laga ein hardingfeleslått på temaet. Den heiter: "Gonill Dale".
- Kjelde: Turkart for Seljord. revidert 2009
Ståle Åsheim
Segni om Ståle Åsheim som vart lyst fredlaus og held seg gøymd i loftet på garden Åsheim.
Sterke-Nils (f. 1722- d. 1800)
Forteljingane om Sterke-Nils knyter seg til at dette var ein kar som var ualminneleg sterk. Det gjekk gjetord om alle hans kartak og prestasjonar. Men soga teiknar også biletet av ein hjartevarm, snill og handing kar. Sterke-Nils stoga står idag på Dyrskuplassen. Her vert det kvart år framført spelstykke og små dramatiseringar som teiknar tidsbilete og hendingar frå livet til sterke-Nils.
Sjøormhistoriar:
Ulf Bjurman, 07.08.1998
Videoopptak utanfor Sanden camping.
Ved brygga på Nes
Forteljing frå ca. 1915:
-Ein gong hadde ungane på Solli på Manheimstrondi vore oppi Seljord. Dei hadde drege pråmen sin inn ved Neslandet, ved sida av båtbryggja. Då dei skulle heimatt, og dei hadde kome eit stykke utpå vatnet, vart dei var eit stort dyr som låg der. Dei rodde innatt til landet og sa det til Tor Nes. 'Dæ æ ingen ting å vera redd. Dæ æ bare ein havhest, og han hev vore her til alle tider', sa Tor. Så rodde ungane heimivi, men då var dyret dei hadde sett borte.
03.06.1977.
Kari og Selmer Olsen frå Ulefoss, saman med Olav Åsen og Hjørdis Gravalid frå Seljord fekk i går, tysdag, ei nifs oppleving. Då såg dei ormen i Seljordsvatnet på tolleg nært hald. Det var eit uhyggeleg syn, seier dei til Varden. Alle nemner ei lengd på tretti til femti meter, og at han var tjukk som ein tømmerstokk. Dei fire hadde reist ut til vatnet ved 16-tida for å halde utkikk etter ormen, då han med eitt steig opp med ei vass-stråle ved Sinnesodden. Han hadde to lykkjer over vassflata. Dei la merke til ormen frå bilglaset, og Olav Åsen, som hadde førsteklasses kikkert fekk ormen på kloss hald gjennom linsa. Ormen var taggut og skjoldut, og var oppe i omlag eitt minutt før han dukka så bylgjene foss rundt han. -Ingen skal få meg i ein pråm på Seljordsvatnet meir,seier Åsen. Han er sjølv sjåfør ved Vest-Telemark Meieri.
15.06.1977.
15.06.1977 - Sjøormen i Seljordsvannet har slått til igjen: Med hele sin mektige ryggtavle viste den seg for Aslak Fjellheim fra Fyresdal kvart over tre på heiteste ettermiddagen i går. Fjellheim var hittil langt fra dem som tror på sjøormen i Seljordsvannet. I fjor sommer skrev han således flere innlegg i TA hvor han bestemt tok avstand fra uhyreteorien.



Nor-Rec 2009